mandag 28. oktober 2013

Gje meg dei gamle stemmane


dei som har hengt ute ein vinter
på ein spikar på naustveggen

Dei som blafra fillete frå tretoppar,
du fann dei då det lysna.

Syn meg kvistane i bjelken,
Ikkje splinten.
Vis meg  djupe arr
som kryssa handflater

Ultralydbilete frå
gamle hjartesår


torsdag 24. oktober 2013

Før alt blei som no


Ein gong var verda

seglande fuglar i
drivande duskregn

mjuke andlet stod
bøygde over vogna

*

Sidan
vart horisonten
fylt med langsame,
grå munnar

som åt tid














tirsdag 22. oktober 2013

Frå sofadjupet

Eg ligg berre på sofaen og kjenner at eg kunne ha lyst til å bli forfattar
men eg måtte løfte meg frå sofaen då
og klive ut i verda gjennom ein  PC skjerm,
kome over til publikum,
connect to the camera,
finne greia mi.

Men enno sit eg fast, for pc skjermen min
er for trong
over skuldrene

 eg greier ikkje krype igjennom
men hovudet er  ute-
klynkar forfattardraumen
inn
i tuse døve øyrer,

mot tusen ryggar
framom uendelige fjernsynsprogram

Haiku

Å kutte diktets armar av
blodet pumpar ut gjennom
stumpane

Å kappe av beina diktet kviler på,
staute metaforar,
mogna gjennnom hundreår,
årringar av fantasi

Å kneble diktet
med grått papir

piske det
med
stramme stavingar

onsdag 16. oktober 2013

Tidsnok


Dei bykste over gjerda
dei storma langs hjulspor
dei sprang av seg støvlane,

dei sprengte låsane
dei braut opp dørene;

-tikkande daude fluger
Vegguret låg
med føtene i veret

torsdag 3. oktober 2013

Før dei tok avskil


gravla dei
ufødde kyss

utanfor
muren

i villgraset