når alle summetonar stemmer seg saman
til tjukke akkordar
som ankertrosser
når trikkeskinner omfamnar
andre trikkeskinner
som frodige lianar gjennom byen
telefonliner kjæler
kvarandre
i lufta
-då skal endeleg
to framande hender
flette vakne fingrar
medan alle trådar
syng
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar