I augenblinken eg kom inn døra
var du
dagboksblad i blikket
full av tru
og løkkeskrift.
eg kom
for å rive sida ut
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
fredag 31. oktober 2014
mandag 27. oktober 2014
Nett slik
Tilfeldig
som ein snurra hestehale
i laus t-skjorte
tastar du løøv beibi løøv inn på mobilen
medan tyggislyden din
sakte
hypnotiserer hjartet mitt
til å kaste meg av bussen
i fart
som ein snurra hestehale
i laus t-skjorte
tastar du løøv beibi løøv inn på mobilen
medan tyggislyden din
sakte
hypnotiserer hjartet mitt
til å kaste meg av bussen
i fart
søndag 26. oktober 2014
Mardraumsorkesteret
syng
den eldgamle
novembersongen
nattklam baryton,
smuldrande
rotveltpartitur
på grå bork
I årets blindsone
sit ein olding
med gapande munn,
og forbodne lauvdraumar
den eldgamle
novembersongen
nattklam baryton,
smuldrande
rotveltpartitur
på grå bork
I årets blindsone
sit ein olding
med gapande munn,
og forbodne lauvdraumar
lørdag 25. oktober 2014
Avdekt.
Fossilet av kjærleikssorg
låg i smilerynkene dine
avtrykk av bladverket
frå kysseskogen
var enno synleg
i handflatene
Du vart funnen
under fleire lag med
kvinner
tirsdag 14. oktober 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)