onsdag 6. april 2011

da det ringte på

-stod det ein trugande mann på utsida , med hatteskygge langt nedover ansiktet. Han spurde med flat og monoton røyst om det var slik at nokon i denne bustaden hadde lagt seg utan å pusse tennene kvelden før.
Vi smekka døra rett i fleisen på han.

Kvelden etter stod det to fyrar på døra, morske, og med kvar sin sprettert. Dei  skulda oss for at vi hadde late vaskemaskina gå etter klokka ti på kvelden. Vi lo dei opp i trynet, og smekka ytterdøra raskt igjen.

Nokre kveldar etter stod ein fire fem rørslege karar spreidd utover den halvmørke trappeoppgangen. Eit par av dei bar på balltre. Dei mumla mørkt om telefonrekningar som var betalt lenge etter fristen, og ei lyspære som hadde hamna i papirsøpla. Vi kasta feiekosten etter dei, låste døra, sette på sikkerheitslenka.

Det gjekk ei veke.

Så stod det plutseleg ti mann på dørmatta ein kveld, alle med hesjestaurar. Dei stirde oss rett inn i augo, og spurde om det var sant at nokon på denne addressa hadde juksa på ein geografiprøve og bede ein bussjåfør dra til helvete.

Eg henta Mauseren og bles alle ti  til himmels.

Om eg ikkje hadde sett strek, hadde dei  sikkert vore frekke nok til å be seg sjølve inn på  kaffe.

Ingen kommentarer: