lørdag 8. mai 2010

om livet var som ein dansefilm..

..ville alle ha vore i god form.

Og uansett kva problem ein støytte på, kva krangel ein havna i , og kor livet bala seg til for ein, var det berre å sette i gang og danse. Helst så mange som mogleg på ein gong, på rare og uventa stader, noko som gjerne stoppar trafikken og blokkerer heile gata i båe køyreretningar. Men alle berre ler av slikt i dansefilmar.

Hadde livet vore som ein dansefilm, hadde det vore berre korte små glimt av kvardagar innimellom kveldane når gjengen møttest på den kule klubben. Der dansar folk sensuelle dansar i løyndom.Ingen treng gå på jobb heile tida i dansefilmar, ingen må handle dopapir eller vaske opp.

Var det kjærleik med i spelet, vart alle misforståingar på vegen til slutt oppklara gjennom ein dans- om livet berre var som ein god dansefilm.Ingen gret åleine utan at nokon kom dansande forbi utanfor vindauget deira, fekk dei på betre tankar og sette handlinga i gang att.

Vil ein søke på ein skule og livet var som i dansefilmar, var den steinharde treninga og førebuingane med gnagsår og blodsmak estetisk og vakker - i sepiatonar med sveitteglinsande og glatt hud og utan dårleg ånde.

Om treninga foregjekk i slitne lagerlokale med skitne vindauge og tomme oljefat i krokane, lukta det aldri bensin eller støv og tåfis. Sveitt treningsty satt perfekt og såg trendy ut. Treningsøktene var korte, og framgangen eksplosiv. Om du var helten og den slemme rivalen hadde stengt deg inne i kottet under trappa for at du skulle bli for sein til opptaksprøva di, gjorde det ingenting. Hovudpersonen kjem seg alltid ut i dansefilmar, og får alltid avlegge sin velfortente audition. Juryformannen tek rørt av seg brillene etter prøvedansen, og ynskjer deg velkommen som elev.

Dansefilmen får fram det beste i folk. Kvardagar blir kortare, festen lengre, vennskap sterkare, kjærleik meir intens. Ingen har mensen, går til tannlegen, betaler rekningar , tek trappevasken.

Etter dansen har alle kome seg eit steg vidare i liva sine, knytta venskapsband, tilgjeve fiendane sine og fått ønska sine oppfylte.

Get your ass on the floor.
Lat oss danse oss vekk frå straumrekninga no i natt.

Ingen kommentarer: