-Han er marsblå i dag
sa far min
Han fortalde aldri
kvifor han let månaden mars
gje namn
til ein eigen blåfarge
var det farga på nakne skogen,
skrubba gjennom vinteren av snø og haglskurer?
blåskjæret i gammal snø, som hadde sunke i hop?
Eg veit ikkje
og det er ingen å spørje
Men det er mars no
og i morgon skal eg ut
og sjå
om eg får auge på noko blått
1 kommentar:
Eg gjekk fiskebein opp Brurastien i dag, og kika eg opp mot himmelen fekk eg auge på marsblått innimellom trea=)
Legg inn en kommentar