Til alle tider
også medan dinosaurane sine brøl
runga mellom ulmande vulkanfjell,
har månen tikka sakte over kvelven.
Nokre gonger feit og gul, til å ete opp
Andre gonger ein sigd.
Han veltar deg ned i djupe dyner
Kappar natta opp i svevnlause sekund,
stikk deg spisst i hjarterøter
Dinosaurane skreik eingong i feite gulnetter, spisse sigdnetter
Utan kunnskap om tid rava dei rundt i urskogen,
knekte greiner og åt kvarandre,
utan kjensler
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
torsdag 28. november 2013
torsdag 21. november 2013
Spor
Nokon vil hugse deg
så lenge du er
ein facebookprofil
så lenge orda dine
framleis spøker på blogspot
nokon vil kjenne att omrisset ditt
på flickr
finne spora dine
bak hashtaggar
på instagram
du sit i eit fly
til ukjend destinasjon,
og strør pikslane dine
tynt
over jorda
så lenge du er
ein facebookprofil
så lenge orda dine
framleis spøker på blogspot
nokon vil kjenne att omrisset ditt
på flickr
finne spora dine
bak hashtaggar
på instagram
du sit i eit fly
til ukjend destinasjon,
og strør pikslane dine
tynt
over jorda
mandag 11. november 2013
fysiske forutsetningar
Teksten din må dirre,
ropte dei til henne
finn kårde-ord,
som flenger papir,
køyr blyantar i låret!
Men ho var fødd med elghjarte
tjukt og djupraudt slo det i bringa hennar
ho bar det langsamt ikring i byen,
i seige kliv.
Elghjarte veg så mykje,
ein kan ikkje berre springe
over gata på gult.
ropte dei til henne
finn kårde-ord,
som flenger papir,
køyr blyantar i låret!
Men ho var fødd med elghjarte
tjukt og djupraudt slo det i bringa hennar
ho bar det langsamt ikring i byen,
i seige kliv.
Elghjarte veg så mykje,
ein kan ikkje berre springe
over gata på gult.
lørdag 2. november 2013
Kvinnene heime
bakar svulmande flettekransar
og tek med på dugnaden-
i postordre-tunika ler dei
utan grunn, og tek dansesteg
i uironiske crocks
Dei teiknar smilande soler
på den rosa songen
i skyminga
skrur dei av nyheitene
heklar ein bord
rundt mann
og barn
mandag 28. oktober 2013
Gje meg dei gamle stemmane
dei som har hengt ute ein vinter
på ein spikar på naustveggen
Dei som blafra fillete frå tretoppar,
du fann dei då det lysna.
Syn meg kvistane i bjelken,
Ikkje splinten.
Vis meg djupe arr
som kryssa handflater
Ultralydbilete frå
gamle hjartesår
torsdag 24. oktober 2013
Før alt blei som no
Ein gong var verda
seglande fuglar i
drivande duskregn
mjuke andlet stod
bøygde over vogna
*
Sidan
vart horisonten
fylt med langsame,
grå munnar
som åt tid
tirsdag 22. oktober 2013
Frå sofadjupet
Eg ligg berre på sofaen og kjenner at eg kunne ha lyst til å bli forfattar
men eg måtte løfte meg frå sofaen då
og klive ut i verda gjennom ein PC skjerm,
kome over til publikum,
connect to the camera,
finne greia mi.
Men enno sit eg fast, for pc skjermen min
er for trong
over skuldrene
eg greier ikkje krype igjennom
men hovudet er ute-
klynkar forfattardraumen
inn
i tuse døve øyrer,
mot tusen ryggar
framom uendelige fjernsynsprogram
men eg måtte løfte meg frå sofaen då
og klive ut i verda gjennom ein PC skjerm,
kome over til publikum,
connect to the camera,
finne greia mi.
Men enno sit eg fast, for pc skjermen min
er for trong
over skuldrene
eg greier ikkje krype igjennom
men hovudet er ute-
klynkar forfattardraumen
inn
i tuse døve øyrer,
mot tusen ryggar
framom uendelige fjernsynsprogram
Abonner på:
Innlegg (Atom)