-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
tirsdag 25. februar 2014
Vårtrøst
Lite vondt kan komme med en gåseplog,
sa jeg til deg
tenkte at en fallende fjær
brenner vel ikke i atmosfæren
lørdag 15. februar 2014
Nokre ord med på veggen
Sjå opp
på skyane, sett
mot i deg sjølv livet
blir kva du gjer det til
står det i eit blad,
du kan forme deg sjølv som leire
laste ned ein app med mindfulness
du kan gjere yoga på stranda,
sende glimtet i augo på service
til ein lykkesmed
du kan bade blikket i flaskevatn
tenkje positivt
dra på trommereise
lytta til bruset frå kjenslene
i bloggbad
kjenne små, svarte bokstavar
krype oppover armen din
torsdag 13. februar 2014
Toroms
Dei reidde opp seng
i eit månekrater
Han sa her kjem vi til å sove godt,
ikkje høyre søppelbilen,
ingen gjenbuarar
vi har båe godt av
litt vektløyse no
onsdag 12. februar 2014
Nygamlingar
Gamle minne møtest
i svartkvitt
på ein kafe i byen
dei pustar
blinde
i kvarandres gammalminnelukt
fingertuppane famlar
over ruglete
kobbarstikkhjarte
kjenner på
gamle slag
lørdag 1. februar 2014
Cafescene i to akter
Dei fylte så mykje av plasen på cafeen at det var vanskeleg å manøvrere forbi dei om ein hadde dunkåpe. Små bord på den cafeen.Alle tre hadde PC'ane sine opne på den vesle bordflata.Eg veit ikkje heilt kvar kaffiekoppane deira stod. Ved PC'ane låg digre mobiltelefonar.
Alle tre hadde heilt like dressar. Koksgrå.Akkurat passe kvitt skjorteerme stakk ut ved handleddet trendy frisyrar, glattbarberte..
-Vi må finne denne søkaren, sa den eine
- Ja , sa den andre.-Vår mann kan i dag ha ein feit jobb på austlandet, men likevel tenne på ei slik utfordring.
-Han ser denne annonsen og tenkjer, faen. Dette er ein jobb for meg, seier den tredje dressmannen med korthogd overtyding.
-Det er nok same mannen vi ser for oss, sa den første fast.
- Kva løn ser går vi for?
-Vi går for firehundre tusen, meinte han eine i sofaen.
-Eller fem, sa den andre
- Det kjem an på kva erfaring vår mann har.
-Er han ung, er han meir svolten på jobben.
-Vi kan diskutere løna
-Sjølvsagt
-Men vi let oss ikkje pressse
-Sjølvsagt ikkje.
-Han får tross alt jobbe med Frøyas største avis.
-I kveld, da?
-Middag på byen først, sjefen og nokre folk.
-Einn rask tur innom Blæst , eit par drinkar.
-Brukar bli seint.
-Sjåast då.
Da eg kika opp frå avisa mi att, var dei alle borte. Det satt ein litt eldre, salt og pepargrå kar ved samme bordet, hovudet i hendene, bøyd over kaffekoppen framfor seg
De så ut som han gret.
torsdag 16. januar 2014
Det er no eller aldri, sa du-
ei augustnatt,
då verda hadde gått
heilt tom
for tolvslag
vi kasta oss ut
frå langvisaren
på det gamle
kyrkjeuret
i kvar vår
edderkopptråd
søndag 12. januar 2014
Cafeliv for vidarekomne
Stamkafeen er ikkje lenger kva han var. Det er rot i avisbunken som ligg framme. Mange bord er tomme for folk, men fulle av skitne koppar etter dei førre gjestene. Serveringsdamene står berre og og pratar med kvarandre medan køa veks, og irriterte middelaldrande akademikarar står surt i kø med skjerf i halsen og tenkjer at det var mykje betre før.
Sist laurdag stod eg mange, mange minutt og venta på at serveringsdama skulle dukke opp- så eg fekk betalt den stakkars kaffikoppen eg stod der med. Ikkje ei sjel bak disken. Ingen serveringsdamer som sirkulerte i lokalet heller. Til slutt orka eg ikkje vente, sette meg ned ved bordet og drakk opp kaffien eg ikkje hadde betalt. Eg henta meg til og med påfyll.Kaffien var fæl, og hadde tydelegvis stått på kolba nokre timar. Eigentleg burde eg ha fått betalt for å drikke han.
Det er ikkje slik vi vil ha kafeane, vi akademikarar i vår beste alder. Vi er grånande vanedyr i fornuftige skor, som helst vil attende til samme staden gong på gong. Og når vi seier samme staden, meiner vi det bokstaveleg. At vi vil ha samme utvalet i disken, samme serveringsdamene, samme inventar, at kaffekanner og koppar skal stå på samme stad som dei alltid har stått. Vi likar ikkje endringar. Vi vil at ting skal vere der vi ventar å finne dei.Alt anna er ei oppløysning av samfunnsnormer som vi tek sterk avstand i frå.
Vi ser det som direkte provoserande at det står utstilt tre boksar med chilinøtter , og ingenting anna, i den disken vi er vane med at bugnar av freistande konditorvarer. Vi lurer på om dette er eit slags opprør. Om denne kafeen har kome i trassalderen, og viser oss fingeren gjennom demonstrative chilinøttboksar, rot på avisbordet, vond kaffe og skravlande, frekke servitriser. Om kafeen har låst seg inn på rommet sitt, og ber oss om å dra til helvete.
Difor tok vi sist laurdag ei drastisk avgjerd. Vi skal finne oss ein ny stamkafe. Det var det gode gamle programmet Norge rundt som sette ein av oss på tanken. I eit programinnslag frå ein lun, tradisjonskafe i byen vår. I eit heimleg miljø med brune vegger, plysj og speglar i gullrammer, såg vi ein strålande konditor stolt vise oss kva som var dei viktigaste ingrediensane i den gamle tradisjonskaka dei hadde laga der i huset i hundre år.Denne cafeen fanst allereie då eg flytta til byen for å studere. Han har eigentleg ikkje endra seg mykje sidan då. Like brune vegger, tunge gardiner. Vindauga ser ut i gata gjennom eit plommefarga plysjblikk, og treng ikkje noko glitter og neon for å bli lagt merke til.
Dette må vere ein stad for oss. Når dei ikkje har endra ei kakeoppskrift sidan 1929, er det von om at kafeen har tyngde nok til å overleve eit kvart eigarskifte, trendmønster, til og med eit Olav Thon-angrep. Og kanskje blir vi verande der. I eit miljø med uironiske blondedukar og rause blautkakestykke.
Heilt til det blir rot på avisbordet, kaffekanna byttar plass, eller serveringsdamene ignorerer oss.
Vi finn oss nemleg ikkje i kva som helst.

Abonner på:
Innlegg (Atom)