fredag 18. januar 2013

Holde fast

Med beina
rundt
flankene på
livet

i bukkesprangenes
voldsomhet
er balansepunktet

utenfor din rekkevidde

svimlende sekunders kraftprøve
tonn med evinnelig evolusjon
hamrer
over tynn jordskorpe

mørk materie over
kokende jordkjerne under

I de svette flankene 
dundrer

 hissige hjerteslag

fredag 11. januar 2013

Du høyrer det

Om natta, når det susar i vassrøyra
forvillar du deg

til aude plassar
'
alle aude- tankane
bur i
vassrøyr

Om natta
bankar dei på  tinninga di

ustoppeleg





tirsdag 8. januar 2013

Fuglespor



På stramt lerret
byrjar året si vandring

små, mjuke
søkk

i første januarveke



lørdag 5. januar 2013

Januar



halter over veien
trettendedagen

Juletrær denges av søppelmenn
nordavind  setter
blåfrost
inn på kontoen

Ynske

Diktet
sprengjer regndråpen
innanfrå

driv dogg inn
i åpne
porer





fredag 4. januar 2013

Andlet i ruta


Ein skjermsparar i livet hans
ville ho vere
Flyte  over dunkel rute
i roleg tempo

drysse

små pikslar av kjærleik
over mørk botn

Vare tider

Før i tida kasta folk blyge blikk
såg brått vekk

når hjartet stokk

No går folk heim
og googlar kvarandre

vilt
ved kjøkenbordet