mandag 21. september 2020

så..

.. saknar du likevel han du ikkje kjende for ingen saknar ein så mykje som dei umøtte dei lever mellom aldri skrivne dagboklad søv uroleg i tomme konvoluttar inst i skåpet T- skjorta du aldri sov i ligg krølla saman i fotenden

søndag 3. februar 2019

"Vår forakt for svakhet"


Høysensitive barn  var det mest latterleggjorte omgrepet i landet då boka til prinsesse Martha kom ut. Sjølvsagt var det ein ekstra bonus at det var eit medlem av kongefamilien som sette namnet sitt under ein slik boktittel. Kongelege bør jo helst ikkje skrive bøker i det heile tatt.  Prinsessa fortel i boka si om ungar som er spesielt mottakelege for sterke inntrykk, som er i overkant dyktige til å lese andre sine kjensler Dei reagerer sterkare på enkelte sanseinntrykk enn andre ungar plar gjere.

Etter bokutgjevinga, som fekk  skrekkelege meldingar i alle aviser, vart dette temaet snaddermat for satirikarar i alle medie. Omgrepet "høgsensitiv"  vart hengande att i ordskiftet,  på twittter til dømes. Det vart ståande att som ein metafor for  mentale luksusproblem. Ei beskriving av psykiske pyser, folk som skrik på oppmerksemd,  og skrale sjeler . Folk som ikkje kan skaffe seg fokus på andre måtar enn å skryte på seg høgsensitivitets-symptom.
Noko av denne responsen kjem nok i forlenginga av den alternative tilnærminga forfattaren av "Høysensitive barn"har til eksistensielle spørsmål, så den let eg ligge. Det som er meir interessant no,  er at for mange blir denne harselleringa ein stuerein måte å få dyrke fordommane sine mot ulike psykiske tilstandar. "Høgsensitiv, du? Hypokonder, tenkjer eg vi seier!" Og på denne måten blir det meir innafor å distansere seg frå alt "psykisk", med breid støtte frå media .

Du har sikkert sett dette blikket hos ein annan person. Kroppsspråket som viser denne openberre redsla for folkemengder. Du har sett den lett leselege, keitete usikkerheita enkelte kan ha i sosiale sammenhengar. Isolasjons-tendensane frå venner og aktivitetar, ho som alltid takkar nei og berre blir heime. Slik atferd gjer oss usikre, og litt irriterte og flaue. Du kjem kanskje til vennegjengen på cafe- gledsestrålande med eit par nyinnkjøpte sko frå salg, som du gjerne vil vise fram. Då blir du irritert  når du møter det såre blikket på andre sida av cafebordet. Blikket som viser at her er det nokon som ikkje har det bra. Nokon som har vondt, og som treng å bli sett.

Søren og. Når du sjølv så gjerne vil vise fram skoene, og at alle skal glede seg med deg. Så ser du rett på eit problem. Du blir irritert for at desse augene på andre sida av bordet  skal vere slik akkurat no, når det ikkje passar. Når du ikkje har lyst til å tenkje på vanskelege ting.
 Kvifor må dette menneske sitte her og skrike "problem" med augo akkurat i dag? Det lettaste er å late som du ikkje ser det. Eit godt botemiddel mot dårleg samvit er å sjå ein annan veg.

Mange i "tenk positivt"- alternativ-bransjen postulerer viktigheit av å omgje seg med positive menneske, og ikkje vere attmed menneske som dreg dei ned. Da får du det betre. "Du er di eiga lykkes smed, ikkje la negative, triste folk øydelegge for deg."  Men er det mogleg? Finst det miljø med berre positive menneske nokon stad, der alle jublar og syng i dusjen kvar dag? Der ingen har ein dårleg dag, ein tøff periode, eller opplever sorg? Om desse euforiske miljøa finst, lurer nok dei fleste av oss kvar dei er.

Sjølvsagt kan ein be folk ta seg saman, ikkje dyrke sorga, ikkje tenke så negativt, ikkje sirkle rundt problem, ikkje ha så tynn hud, ikkje ta alt i verste meining.  Mange gonger kan det vere ypparlege råd, om det er sagt i kjærleik og av nokon som vil deg vel, og som veit at du blir betre. Men ofte blir det diverre sagt bak ryggen til folk. Og om ein seier desse tinga til dei, er det i ein lett  irritert tone. Fordi eins eige utbytte av kontakt med ein venn/kjenning blir forringa når personen ikkje har det så bra. Vi gidd ikkje dra på andre sine problem, når vi sjølve har meir enn nok å tenkje på i ein travel kvardag. Og denne irritasjonen merkar ein deprimert person sannsynlegvis godt. Og kjenner seg antakeleg endå meir mislykka, sidan ein åpenbart plagar andre også, når ein strevar med seg sjølv.

Ei bok og ei teaterframsyning om framveksten til diverse nynazistiske miljø, "Vår forakt for svakhet" av Harald Oftsad, peikar på  noko som held eit slikt regime saman;
 Nazisme er læren om den autoritære elitens rett til å herske og utnytte andre, om den sterkes forakt for de svake og den konformes rett til å dømme avvikeren" ".
Fysisk og psykisk styrke er i denne ideologien handlar om å ikkje vere emosjonell, ikkje trenge hjelp frå andre, ikkje bli sjuk, ikkje bli gammal og hjelpelaus, og helst vere omgjeven av folk som er mest mogleg lik deg sjølv i alt.
Å hylle såkalla "styrke" gjev positiv identiteskjensle, og vil ofte heva statusen din når du samanliknar deg med andre. Folk med  såpass ekstrem ideologi  kjente seg sannsynlegvis ikkje så ovanpå, før dei endeleg fann ein ideologi der dei kunne kjenne ein felleskap. Og der kunne dei finne enkle løysningar.

Nynazisme er ei døme på ein ekstrem ideologi alle vi tek avstand frå.  Dei færraste 2019- menneske ønsker å herske over nokon, eller tilskrive ein type menneske makt over andre.

Men vi kan ikkje fristille oss i frå at det er mest bekvemt å unngå å  ta innover seg diffuse problem som ein ikkje veit så mykje om. Og  det er behageleg for sjølvbiletet å definere seg sjølv vekk frå denne gruppa som har nervar, psykiske problem, eller som slit. Denne gruppa vil vi ikkje assosierast med.

Når vi snakkar om at nokon er følsom, emosjonell, deprimert, ha lett for å ta til tårene, sensitiv er ikkje  birken-deltakar, grunder, advokat eller statsminister det første vi tenkjer på . Faktum er at representantar for alle desse fire har i intervju snakka om psykiske utfordringar. Likevel verkar det framleis som merkelappar som går på kjensler ofte tolkast som mindre positive av folk flest.

Ein diktar eller skodespelar kan godt vere emosjonell. Av mange blir han betrakta som eit spennande menneske vi gjerne vil kjenne. Men til kvardags, for folk flest, kan skiftande emosjonar  opplevast som masete, forstyrrande og krevande, og gjer at vi snur oss vekk og blir leie.

Sjølv om det enklaste kanskje ville ha vore å seie noko som ; Hei, ser det er noko  som ikkje er så bra no. Det tykkjer eg er leit å sjå. Men no skal vi kose oss med kaffen, og om eit par månader er det vår. Da er eg sikker på at du kjenner deg mykje betre. 

fredag 10. august 2018

August igjen

Skal gåseplogane verkeleg
rive med seg himmelen år etter år ,
rulle han sørover som gammal tapet
må båten alltid ramle over lunnane,
stukast inn i naustet att 
grillen settast under presenning

I spegelen ser vi sommaren
bli mindre og mindre bak oss
sjølv om vi ikkje vil det


  

torsdag 19. mai 2016

Diktskulen

orda dreg seg over kroppen din
som sleipsniglar

urørlig må du
høfleg
gape når dei nærmar seg
munnviken

vi vil deg berre vel seier dei
vil at du skal lære


innvendingar
pissmaurar seg
oppover jakkermet ditt-

for du veit;

ein går seg ikkje inn i eit dikt
som
slik ein brasar inn i eit spindelvev,
seier dei

og ler
nei,

det er jo eg som spinn tåden,
seier eg

lørdag 16. januar 2016

Sluttpakke

Noen ganger
blir vi tvunget til å se
mennesker kle av seg ansiktet sitt
henge det over stolryggen

foran blitsblikkene
sitter
de der
i ansiktsundertøyet

 med vinterkviseøyne
 for tynn ankelstemme

lørdag 9. januar 2016

Pakke ned jula


Tida var komen,
og englar rekte opp seg sjølve-
dorullnissane rulla ned,
i glorieformasjon

Men framleis glitra grålysninga i augene til barn,

dei samla gamle adventsstjerner
i morgonvindaugo, såg

ein igjengløymt måne springe etter skulebussen

torsdag 10. desember 2015

Sol. Minne


det kommer straks en buss
og

den skal du gå på og
så kjører den

jeg vinker og vinker til hånden min blir mindre
og mindre
mindre

for deg

hvert år på denne tida
vil jeg komme til å se den bussen
forsvinne bak den svingen og
huske denne kvelden

Soleglad, kalte du det
jeg er ikke glad

fredag 4. desember 2015

Salme

Nå er det bare oss igjen,
sa hun-
grep hånden min
da kista ble båret ut.

men vi er så mange flere,
tenker jeg

 jenta som gråter i trappa
og ikke vil i barnehagen

han som lufter konas gamle hund
vaktmesteren på strøbilen

vi er fuglene i kjerret
katten under verandaen,
den bleke gutten utenfor kiosken

han ved bensinpumpa
som ikke kan betale

tiggeren med det blå fleecepleddet,
hun som kjøper kaffe på narvesen


vi er sånne som flyter gjennom Domkirkeparken
i skumringa,

tenner lys 
og ser himmelens blå håndflate
hvelve seg over
alt

torsdag 3. desember 2015

Mørketid

og det er så svart-
at ein har lyst til å flykte,

bygge ein stabel av bøkene
ein ikkje har lese
klatre ut av livet

desperat vrenge vinteren

blåse han opp,
sleppe han

sjå han spinne inn
i ytste, gallaktiske
solnedgang

lørdag 7. november 2015

Natt

Når du ligg og skal sove
høyrer du steg der nede på fortauet.
det er trygt at nokon er vaken
og er ute og går

i andre byar
går det alltid einkvan
gjennom gatene
nattestid

her i byen
søv dei visst
alle no


Livstider

Da nysnøen
kom

var han
allereie
gammal


onsdag 28. oktober 2015

Vanlege dagar


medan blikket vandrar slapt
over mogelege blikkpunkt 

får bussen motorstopp

vi berre går, 
medan vi

skrik til ei kråke 
spiddar sporv
med paraplyansiktet

bussjåføren sit att i bussen sin
og gret

mandag 19. oktober 2015

Tomt

Når eg tenkjer på døden
tenkjer eg;

tida er slått av
ingen heime

det luktar bibliotek

hyller med 
novemberlauv
smuldrar
her inne

lørdag 17. oktober 2015

Vatn.Himmel.

eg vil kvile hjå deg
slik stjerner kviler i hausttjørna

du skal lyfte
meg så eg ikkje veit om det er deg eller meg
som blir lyfta 

natta veit jo ikkje
kva som er himmel og tjørn

du blir meg
eg deg

fredag 16. oktober 2015

Meldeboka


eg har kasta opp
og veit
ikkje om eg kan vere her i dag 

nokon står og grev i sjela mi med skei
vil finne ut


bitch din jævel
lat meg vere i fred





tirsdag 29. september 2015

Vekt (pakkeliste for ein flyktning)

Kor mykje veg dette håpet
det er så lite

om eg bretter det mange gonger
får det kanskje plass

denne trua her kan kanskje
halde seg nokre månader

om eg let ho stå kaldt
om nettene

litt barnelatter i lommene
kan eg la risle mellom fingrane
når eg frys

eg syr inn i kleda mine
kven eg er

vandraren
utan klokke
som søker ly i skuggen din

lørdag 19. september 2015

På flukt

 
vi sit i lyset frå fjernsyn
og ser

det er berre pikslar
det er ikkje folk

fredag 18. september 2015

Hausthud

Vi rusla gjennom skogens opne handflater,
 over skjebnelina

balanserte ut
på kvart vårt
fingeravtrykk

lauvet dryssa over oss
ustoppeleg

Verdsbilete

Det veks ei strand ut av oss no 

strekker seg så langt
hjartet kan sjå

lørdag 15. august 2015

Avskil

Gulna polarodibilete
frå tørre strender

rullar seg saman
rundt juli

larva
blir til aske
i vinden