lørdag 17. januar 2015

Du kan leite på låven etter språket ditt


eller sitje og vente på det
på ein flyplass.

sjå etter skrift
av tapte hårstrikk
på fortauet

du kan prøve lese 
av den regnvåte ryggtavla
til han
på bussen

eller i doggen
på badespegelen

du kan pirke etter teikn
i fråflytta musegangar
om våren

hugs, det kan ligge
språkfrø
i ei fallande kongle

men ein dag du løftar
kaffekoppen

ligg det noko på asjetten

lørdag 3. januar 2015

Penna stoppa


ord skriv ikkje lenger
ny brøytekant
på papir


 er dette starten
på ei evigheit, tru

svaret er stille
som snøvær