torsdag 28. november 2013

Urtidstanke

Til alle tider
også medan dinosaurane sine brøl
runga mellom ulmande vulkanfjell,
har månen tikka sakte over kvelven.

Nokre gonger feit og gul, til å ete opp
Andre gonger ein sigd.
Han veltar deg ned i djupe dyner
Kappar natta opp i svevnlause sekund,
stikk deg spisst i hjarterøter

Dinosaurane skreik eingong i feite gulnetter, spisse sigdnetter
Utan kunnskap om tid  rava dei rundt i urskogen,
knekte greiner og åt kvarandre,
utan kjensler

torsdag 21. november 2013

Spor

Nokon vil hugse deg
så lenge du er
ein facebookprofil

så lenge orda dine
framleis spøker på blogspot

nokon vil kjenne att omrisset ditt
på flickr

finne spora dine
bak hashtaggar
på instagram

du sit i eit fly
til ukjend destinasjon,

og strør pikslane dine
tynt
over jorda

mandag 11. november 2013

fysiske forutsetningar

Teksten din må dirre,
ropte dei til henne

finn kårde-ord,
som flenger papir,
køyr blyantar i låret!

Men ho var fødd med elghjarte
tjukt og djupraudt slo det i bringa hennar
ho bar det langsamt ikring i byen,
i seige kliv.


Elghjarte veg så mykje,
ein kan ikkje berre springe
over gata på gult.











lørdag 2. november 2013

Kvinnene heime



bakar svulmande flettekransar
og tek med på dugnaden-

i postordre-tunika ler dei
utan grunn, og tek dansesteg
i uironiske crocks

Dei teiknar smilande soler
på den rosa songen

i skyminga
skrur dei av nyheitene
heklar ein bord

rundt mann
og barn