Å vere
utsynet frå papirkorga
til den glødande diktaren
lauvhaugen som
sleppte våren fram
eit sprøtt
fugleskjelett
som raspar langs asfalt
når trekkfuglane
har reist
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
tirsdag 27. august 2013
fredag 23. august 2013
Haustkropp
Huda
ein fuktig teltduk
kjellarpust mot
jordslaghandflater
moll og dogg
dryp
av
hausthjartet.
ein fuktig teltduk
kjellarpust mot
jordslaghandflater
moll og dogg
dryp
av
hausthjartet.
søndag 18. august 2013
tirsdag 13. august 2013
onsdag 7. august 2013
Ein du kjenner
Oljefargen på vatnet høyrer august til,
trøystaren med tunge augnelok
stillar måseskrik,
let doggen tjukne i halsen-
kan ikkje lenger kvinka
kåte grasttråsongar,
og kvitkløverknise
August stryk blåtone over fjellnakken
ropar inn modne bær til kvelds
breier høyet,
høyrer det svevnkviskre
om turka sommardagar
trøystaren med tunge augnelok
stillar måseskrik,
let doggen tjukne i halsen-
kan ikkje lenger kvinka
kåte grasttråsongar,
og kvitkløverknise
August stryk blåtone over fjellnakken
ropar inn modne bær til kvelds
breier høyet,
høyrer det svevnkviskre
om turka sommardagar
Abonner på:
Innlegg (Atom)