tirsdag 30. oktober 2012

Livsparentesar

Så famna vi
på nytt

det tomme luftrommet
mellom no
og punktumet etter rulleteksten
med halvferdige klemmar
ord henta frå 
dei eldgamle
gløymebøkene

frosne
til inste, tomme
armkrok

fredag 26. oktober 2012

Slik ein kan drøyme om vatn


Ho ville dusje av seg
vonde dagar

la  ubrukt tid
få sildre
vaske lindring
over mothake-tankar
strøyme
mot sviande auge

Ho ville såpe seg inn
med blanke kalenderblad
gni dei mot blåmerke-minna

slipe bort
skjoldar av vekers
grove arrvev

Stilt
skulle livet halde badekåpa

la henne symje
langs kvite rullesteinstrender








torsdag 25. oktober 2012

I august var dei borte




Det var etter sommarferien eg såg det. Eg var tilbake i byen, til innestengt stueluft, døyande potteplanter og stappfull postkasse. Utanfor glaset hadde det skjedd som eg frykta heile våren, men hadde byrja håpe og tru ikkje ville hende.

Dei hadde hogd ned dei høge, vakre furutrea på nabotomta .

Riktignok var den vesle, rufsete krattskogen like ved blokka for lengst meia ned av gravemaskinene, der dei nye bustadblokkene hadde byrja reise seg. Køyrd på plass som pappesker,stabla oppå kvarandre og lima saman med spikerpistolar av russisktalande menn i gule hjelmar. Heile det siste året hadde området vore gjørmehav, graving av digre hol i bakken, og dundrande stolpemaskinar, vindauge i grannelaget grågule av støv.

Men no, denne augustdagen, var det heilt stille.

Langs med gjerdet rundt tomta låg dei kjære furutrea mine. Amputerte, daude og nesten ugjenkjennelege.

Furuene. Dei som i juni slengte yppig med trekronene i sommarvinden, og strekte seg vers. Som hadde stått der uendeleg mange mange år, lenge før burettslaget var grunnlagt. Som hadde sendt ut den herlege lukta av harpiks til alle her på Blåsenborg mange år,  også før eg var fødd.

No låg dei her med avkappa greiner, kronelause, ribba for nåler, kvist. Slengt til sida , inntil gjerdet. Med eitt var også skuggane borte. Grushaugen av ei tomt gapa som ein mangelfull tanngard, full av pukk og stein , i steikande sol og mellom parkerte anleggsmaskiner som stod der og hang med grabben. Drapet på furutrea hadde nok foregått for ei stund sidan. Dei døde furukroppane hadde blødd tomme for kvae for lengst.Dei såg tørre og mumifiserte ut der dei låg, med sine grinande dødsmasker vendt mot augusthimmelen.

Eg kjenner alltid djup sorg når tre blir hogde kaldblodig ned. Der eg budde før, vakna eg ein morgon til at ei gravemaskin budra gjennom hagen, og tok med seg dei 50 år gamle syrinbuskane og gullregnen -som alltid før hadde dryssa blomane sine ut frå lange greiner og laga gyllne forheng framom vindauga våre.

Fordi hushaiane som åtte dei fleste leiligheitene i garden vår ville gruslegge, og lage parkeringsplassar der hagen var. Eg, som var den einaste i huset som var glad i tre, var det ingen som høyrde på. Faktisk lurer eg på om det var ei ekstra lita glede for dei å få alt rive opp, dette at eg var så glad i dei trea.

På Ekeberg går folk i i demonstrasjonstog for å bevare trea frå den kommande skulpturparken som er i anmarsj. Demonstrantane vil heller ha vegetasjon enn kunsnarleg stive kroppar i marmor og granitt, på kvar sin sokkel.

Nokra av oss synest også at eit tre er ein kropp, eit liv. Eit digert tre har sett mange fleire vintrar og somrar enn oss. Det rensar lufta vår. Det gjer oss rolege. Det held jorda saman.Det er ein liten bindestrek mellom oss og uendelegheita. Vi kan prøve ta ikring trestammen, legge kinnet inn til den ru barken og drøyme luftige draumar.

I filmen Avatar startar den store krigen mellom urfolka og den ”moderne” sivlisasjonen som vil utnyte naturresursane som ligg i jorda under skogen. Eit forferdeleg slag blir kjempa. Dei blå innfødde lid fælslege tap, men det gode sigrar likevel til slutt . Urfolka driv tegnologien vekk med spyd og sverd, og  bygger opp samfunnet sitt på nytt. Utan robotar, anleggsmaskiner og computerar.

Det er rart å tenkje på at ”Avatar” er ein amerikansk produksjon. For sympatien er så klart på urfolket si side. Diverre trur eg ikkje det amerikanske næringslivet er av samme meining i miljøsaker.

I den verkelege verda er ”treehugger” eit skjellsord for mange. Ein idiot, på line med ein trainspotter.Ein bablande tosk i anorakk, som glaner på trestammar og tek omkring dei utan grunn. Kanskje han til og med snakkar med dei. Han er for dum til å rekne om verdien til dei fine møstra i barken og dei forunderlege, vridne røtene til  eiga vinning,næringsverksemd, profitt.

Dei som usentimentalt slaktar tre, har ikkje skruplar.Dei har alle føresetnader for å bli rike, før dei risikerer å røska golvteppet vekk under både eigne og andres føter, når  trea til slutt blir borte og all jorda flyg  vekk med vinden.

I natt kom snøen. Han legg seg over staden der dei vakre furutrea anda ut.
Eg vil helst ikkje vite kvar dei er no.