Ikkje rør meg
jau rør meg
ikkje rør
eg blir rasande,
og flerrar fasaden din av deg,
legg deg naken til korp og kråke
så dei kan hakke i augo dine
med spisse sarkasmar,
stiletthælskarpe karakteristikkar
Ikkje rør meg
jau, gjer det
rør meg
så eg kan slå deg,
skrike til deg
spikre dei klamme fangarmane dine
opp på veggene
så alle kan sjå
for ein emosjonell blekksprut
du er
Ikkje rør meg ikkje
rør
ved meg
-Orsak meg, men hjartet ditt er på utsida. Det bankar så alle kan sjå det. Tenkte berre eg skulle seie i frå. Dessutan ser det skikkeleg ekkelt ut.
tirsdag 27. mars 2012
mandag 26. mars 2012
lørdag 24. mars 2012
dei små blå lysa heile natta
Heile natta satt dei i denne stilla
voks inn i glisne skogen
voks i hop med mørkret
Der i dette mørkret
i denne stilla satt dei
heile natta.
dei blåaktige lysa
mellom trea
lysa ingen åtte
lyste for store stilla,
for glisne skogen
Dei satt der heile natta
og vakta
heimlause lys
voks inn i glisne skogen
voks i hop med mørkret
Der i dette mørkret
i denne stilla satt dei
heile natta.
dei blåaktige lysa
mellom trea
lysa ingen åtte
lyste for store stilla,
for glisne skogen
Dei satt der heile natta
og vakta
heimlause lys
onsdag 21. mars 2012
Forårsskrift
Dessse gåseplogane i livet
kan opne deg
Skrelle vintersjela
med valne
vårhender
Huda er skjør
om våren
Nokre
hardhendte hagl
kan vere nok.
kan opne deg
Skrelle vintersjela
med valne
vårhender
Huda er skjør
om våren
Nokre
hardhendte hagl
kan vere nok.
Heimekos i avis
Kvar fredag og laurdag veltar bustadmagasina ut av avisene mine, fulle av hus til salgs.Framsidene i desse bilaga oser av heimekos.
Ofte opnar det tjukkaste av desse bustad-blekkene med ein heime hos- reportasje hjå folk som gjerne har litt eksotiske og spennande yrke, men som tilfeldigvis og eig eit hus dei har styla og pimpa så rykta har nådd avisene via grannar og familie. Stolt tek huseigaren med avisa gjennom alle romma sine. Dei er alle pinleg ryddige, og har spreke fargar, glasspeisar, pynteputer og sengeteppe utan ein fald.
Kor mange millionar vi nordmenn pussar opp for kvart år, er uvisst.Men det er nok mange. Nokre pussar opp og sel huset vidare fortare enn andre rekk fylle ut lånesøknad.Dei får ei intens kjensle av livets meining når dei står der med ein sparkelspade i handa. Dei greier seg på 4-5 timars svevn i månader, berre for å gjenskape eit hus frå botnen av. For å kompensere for tomheitskjensla dei opplever når alt er ferdig, kjøper dei raskt eit nytt hus.
Kva er det med oss her i verdas rikaste land som gjer at vi må halde på med denne pilgrimsferda melllom fargehandelen, Byggmakker og vvs-butikken?Kva driv oss inn i desperate opppussingsprosjekt, med helsa som innsats? Eg veit ikkje.
Men det som er sikkert, er at det er med stor stoltheit folk viser heimane sine fram i aviser og blad. Dei strålar velkledde med ektefelle og ungar i sofakrokar eller kring kjøkenøya si, på høge krakkar med kule tenårings-ungar og ei alessiskål med perfekte epler. Dei sett saman dyre designstolar med ikeamøblar, handlar på italienske nettsider og miksar det med arvegods frå heimgarden til bestefar. Dei kjøper febrilsk låghalte kjøkenbord, og patinerer dei med utstudert slurvete måling for å få dei shabby chic nok til at Bonytt kan bli interessert til å kome springande og lage ei sak på dei.
Korgstolar, florgardiner og tørka blomar er forøvrig på veg ut det, no. Bustad-onanistane ler berre av det. Denne stilen med grå, målingslitne gamle glasskåpar i fransk stil med krydderurter i sinkbøtter er like harry no som furumøblane og brystpanelet var då nittitalet var over. Det seier dei som sjølv hadde stilen for eit par år sidan. For motane skiftar fort, også i bustadverda.
I likheit med at vi fargar hår, skaffar oss grøne kontaktlinser , botoxpåfyll, toupe eller designklede, så signaliserer vi kven vi er med bustaden vår. Eit par eg kjenner gjekk inn i ein djup depresjon då dei oppdaga at badet dei nett hadde pussa opp i dyre dommar, likna mykje på badet til kva som helst slags folk.Det var rett og slett for vanleg. Og kva var da vitsen? Dei ønskte uttrykke seg gjennom vvs.At dørhandtak, flis og blandebatteri skulle seie noko imponerande om smak og stil, og at dei var interessante personar.
På åttitalet kunne vi sjå ein heil vegg i stova dekt med famliebilete, med ulike typar rammer, hengande hulter til bulter.Det ser du ikkje ofte i dag, anna en hjå svært gamle menneske. Ser du bilete henge tett i tett i dag, er mange av rammene tomme og kjøpt på bruktbutikk, eller bileta er innramma foto-tapetrestar, av og til grafiske trykk av kjende kunstnarar.
Det er ikkje familiebileta som gjev oss heimleg identitet. Det er kven du er - DU som har innreidd heimen.Skal du ha familiebilete på veggen, er dei kunstnerisk forseggjorte, gjerne i svart kvitt, collageform eller ser ut som dei er måla på lerret.Fotografbransjen må sjølvsagt tilpasse seg design-evolusjonen.
Vi likar å sjå oss sjølve utanfor familiekonteksten når vi framstår som kreative designarar i bustadreportasjar. Vi får noko kunstnarleg over oss. Vi viser fram heimen vår med familien som acessoirer og pynt, sitjande i Arne Jacobsen-stolane vi er så stolte av. Desse stolane vi fann på ein loppemarknad, fordi alle dustane som arrangerte det ikkje såg at det var kvalitet som stod der mellom gammalt furu-skrot.
Ikkje alle kan bli med i The Voice, Idol, 71 Grader Nord eller Ungkaren. Nokon må vere heime.
Og skal ein vere så mykje heime, kan ein like gjerne pusse opp.

Om berre
Om vi alle kunne forsvinne
verdige
lyfte som giraffhalsar på savannen
duvande som saftige stilkar
i vind
når skuggane
kjem
verdige
lyfte som giraffhalsar på savannen
duvande som saftige stilkar
i vind
når skuggane
kjem
Abonner på:
Innlegg (Atom)